Blogg
Imsdalen var ein gong ein svær gard…
Imsdalen var ein gong ein svær gard; men det gjekk ut med ein taa Imsdalsmennene, han Brynjulv. Ei tid hadde han 40 kyr paa garden; men det kom paa vidda. Den tid for det so mykje tater og rak i dalen, og eit digert fylgje kom aat Imsdalen og, med han Brynjulv var brukar.
Ein taa desse karane, ein som heitte Trond, vilde læra han Brynjulv aa fiska, for han hadde ei ny kunst aa ta fisken paa, sa han. Han Brynjulv var heime aaleine han, for folka hans var ute paa slaatten, og so tenkte dei røva garden. Men fyst laut dei faa han Brynjulv ut tur vegen. Dei saag han hadde 9 børsor hangande paa veggen, og so torde dei ikkje gaa paa han der, men vilde faa han undan. Ja, han Brynjulv vart med; men daa dei gjekk kom hunden hans og slo seg attaat, ein diger elgehund. Han likte ikkje dette, han Trond, for hunden vilde berre skrema fisken. sa han; men han Brynjulv let hunden fylgja, for han heldt seg undan vatnet sa han. Det bar daa aat kasa, og tateren saag ut eit høgt skjer som stakk ut med gule fossen under. Der vilde han faa ‘n Brynjulv fyre seg ut paa.
Han Brynjulv visste fullvel det ikkje var fisken dei skulde ta her, i gule fossen. «Nei, du faar gaa ut paa du som ska fiskje,» sa han. Daa drog tateren fram ein diger kniv. Imedan stod hunden og fylgde ‘n Brynjulv med augo. «Naa kann du ta ‘n!» sa han Brynjulv aat hunden, og med ein gong sat hunden i strupen paa tateren. Sidan heiter skjeret Trondskjeret eller Trondstenen. Det var ein svær hund og det, vitug og snild, men styggeleg strid naar det skulde so vera. Det var soleis ein sumar folk fekk høyra hunden var so galen ein dag dei dreiv sunnan med garden og slo. Han Brynjulv rende fram og inn i stua. Der stod hunden og søkte paa berre livet, og uppaa slinda sat ein taa grannane.
Denne grannen hadde ofte tala paa det han skulde gjera kva han vilde der paa garden for denne hunden, og so skulde han syna fram det. Han skulde stela seg inn og ta med seg ein ting so hunden saag det. Hunden hadde slept han inn, men fylgde etter paa fot aat døra. Daa so mannen stengde att døra for han, so han ikkje fekk gaa med inn vart han sint, og sette beint gjenom glaset. Men daa var mannen glad han kom seg uppaa slinda. Stor-Nils budde i Imsdalen. Han var spelmann, og til kvar jul kom han ned i bygda og spelte paa juldansane. Han brukte koma juldagen; men ein gong kom han ikkje fyrr nyaarskvelden. «Nei, naa hadde vi rent tenkt taa aa faa sjaa deg denne jula, ma du vart saa lenge.» sa dei. «Høh! je kunde da itte kaamaa før jula kom ve,» sa ‘n Nils. Han hadde kome taa rekninga daa, ser du, for han hadde korkje alnakke eller klokke.
Det var trælsomt nok for han mang ein gong, so langt avleides som han budde; men han var sjeldan raadlaus. Verst ille ute var han ein gong kjerringa hans laag i barnseng. Han saag det ikkje vilde bli nokon endskap paa dette, og fleire mil som det var aat bygda, og veglaust, visste han det ikkje fanst hjelp aa faa der i fraa. Daa drog han aat smidjua, gjorde seg tong sjølv, og tok barnet. Men det var mest livlaust, so han var redd det skulde døy med ein gong, og so skunde han seg og døypte det med det same, og gav det gjentenamn. Kona og barnet kom seg snart, og daa fekk han vita at barnet var gut og ikkje gjente. Dette tala han um paa Trones ein gong. «Min aa gjorde du da ‘a?» sa dei. «Je døfte om att ongen, je,» sa han, og lo.
Kilde: GARD OG GREND – Folkeminne fraa Østerdalen
Opphavsrett: Falt i det fri
Farvel til Butangen
På den skogkledte strand
ved det speilblanke vann
skuer Butangens øye møt øst.
Det er hyggeleg å bo
især når man er to
som kan rekke hinannen en trøst.
Den ligg for seg selv
mellom tinner og hvelv
godt gjemt ifra verden derute,
men ofte det hender
det går noen venner
som tar veien herom på sin rute.
Og da blir det stas
med litt kaffeslaberas
og en pjolter på toppen av det hele,
da settes det igang
med prat og med sang
i samklang med radioens tale.
Men kort er en sommer
og høsten den kommer
med mørke og netter så lange
og truende skyer
forbi her ned flyer
så en ensom kan føle seg bange.
Nu tar jeg farvel
med buen her i kveld
og reiser til dalen i nord,
men på gjensyn igjen
når solen skinner hit hen
over ruter og sjøer og jord.
Da kommer jeg att
og på fisken tar fatt
der hvor ørreten spretter og går,
men dvel nu i ro
da ingen her skal bo
takk og tusen takk for i år
Skrevet av Anton Solheim – 26/9 1951